Podcast charts
Published by Midtsiden.no
Os Rock City handler om musikklivet i Bjørnafjorden. Musikkarven, artistene, eventene og historiene som har skapt og som fremdeles skaper Bjørnafjordens musikalske identitet. Programleiar og produsent: Ørjan Håland. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
On the charts
Every published chart this podcast appears in, in the snapshot behind this page. Each one links to the chart it came off.
From the feed
The latest episodes published to this podcast’s own RSS feed. Titles and descriptions are the publisher’s.
Kordan var det å bli rikskjendis over natta og vera ein som fann vegen inn i hjarta på dei største namna innan norsk showbusiness? Kva har Bonnie Tyler og Bjarne Brøndbo til felles med vår lokale spellemann? Har det nokon gong gått gale for musikaren i ein begravelse? Kva blir det neste for Eirik Søfteland? Programleiar: Ørjan Håland. Intro/outtro: Manheads Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ole Reinert Berg-Olsen har ikje gitt ut album sidan pandemien, men etter seks år med påfyll av idear og inspirasjon, er det no mykje som skal uttrykkast i studio. I denne episoden fortel ORBO om sine tidlege år som musikar og om den fantastiske musikalske reisa som har resultert i heile 11 utgitte album og tre Spellemannpriser. I tillegg får vi eksklusiv framføring av ny låt, og vi får vita kor vegen går vidare for den erfarne musikaren. Programleiar: Ørjan Håland. Intro/outtro: Manheads Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Notörious er eit hardtsatsande glam metal-band med djupe røtter i Os Rockeklubb. Dei langhåra bandmedlemmane med sine spesialimporterte skinnjakkar og tettsitjande skinnbukser frå Hollywood, er garantistar for god stemning frå scena. Gitarist Cato Berge og bassist Andreas Brodersen tar oss gjennom bandets historie og om bandets spennande planar, blant anna årets Tyskland-turné. I denne episoda får vi òg ei eksklusiv akustisk opptreden. Programleiar: Ørjan Håland. Intro/outtro: Manheads Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Osablod Grønvigh, er dagens gjest. Han fortel om fire år på fulltid i London, ein visitt på MTV, framtidstru, rolla som «pappatrenar» for trommetalentet Grim – og gir ein leksjon i kordan ein kan handtera å få nasjonal slakt som artist. Programleiar: Ørjan Håland. Intro/outtro: Manheads Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjest, Eivind Hodneland, kjent frå band som Vicious Fishes, Transplants og De Brente Menn, har nyleg gjort comeback med Teenage Kicks. Men kva var det som skjedde før og etter at Bob Geldof kom løpande etter bandet i Tallin for nokre tiår sidan? Programleiarar: Ørjan Håland Sidekick: Alexander Dymbe Intro/outtro: Manheads Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Stine Kobbeltvedt var vokalist og frontfigur i jenterockebandet Furia frå Os. Debutalbumet til Furia selte til gull i 2003, så venta europaturné med den amerikanske funk-rock-stjerna. Stine losar oss gjennom Furia sin start til bandet si gradvise oppløysing. Programleiar: Ørjan Håland. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjest Thomas «TomTom» Haugland starta som trommis heime i Os og gjekk vidare til trioen Spetakkel. Dei siste 25 åra har han produsert for fleire av dei største artistane i Norge. I denne episoden fortel han om nokre av høgdepunkta i karriera. Programleiar er Ørjan Haaland. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 4: Rebell for alltid Programleiar Ørjan Håland, denne gong med sidekick Alexander Dymbe, har besøk av Kjell Engelsen Moberg. I vinter kom han ut med den fyldige boka «Rockedrømmen». Kjell har vakse opp i Os Rock City, er kjent frå band som Punishment Park, Jef og K-Jell, og vore ein sentral figur i Os Rockleklubb i fleire tiår. I denne episoden fortel han om både det å vera rebell og om håp for framtida til Os-rocken. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjestar: Festivalsjef Ivar Bøthun og musikar Christer Sundøy Røttingen Historikk, framtid og urframføring. Ivar Bøthun er festivalsjef saman med Tommy Aasen. Kva har vore suksessfaktoren? Kan dei veksa vidare? Stemmer det at første frø blei sådd på Peppes? Christer står bak den ganske nye Øyane-songen og er frontfigur i The Strils. Han har i denne episoden urframføring av ein av dei nye låtane sine. Journalist er Ørjan Håland. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Torkjell «Toschie» Rød (fødd i 1971) er vokalist og frontfigur i Audrey Horne, som vann Spellemannpris for debutalbumet sitt i 2005 og varma opp for AC/DC på utselt Valle Hovin i 2010. I juni i år delar dei scene med Alice Cooper og Iron Maiden under Tons of Rock – i denne episoden kjem Torkjell med eksklusiv informasjon om ny musikk – og eit skjebnesvangert bandskifte ein gong på 1990-talet. Programleiar Håland har i dag med seg sidekick Olav Skorpen (fødd i 1972). Bassist Skorpen har lang fartstid som musikar i Os og bergensområdet, blant anna med Bjørn Hellfuck. Dette blir neppe siste gong Olav deltar som ekspertkommentator og gjesteprogramleiar. Dagens gjest: Torkjell «Toschie» Rød Programleiar: Ørjan Håland Dagens sidekick: Olav Skorpen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dymbe var del av bandet Manheads, som i 2009 tok seg til Urørt-finale. Bassisten fortel om denne tida, åra etter og deltar som sparringspartnar for å drøfta, kva bør podkasten Os RockCity handla om? Dagens gjest: Alexander Dymbe Programleiar: Ørjan Håland Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ranking source
Apple Podcasts rankings via the Mato Topic Intelligence Platform.
Observed September 20, 2026.
Apple and Apple Podcasts are trademarks of Apple Inc., registered in the U.S. and other countries.
Pairs with
Bring this source into Mato to read its transferable patterns, then turn them into an original show for your own audience.