Podcast charts
Published by SpareBank 1
Sparebankane i Noreg har aldri vore viktigare for land og folk enn no. I tillegg har Sparebankutvalet nyleg kome med ei rad framlegg som gjeld rammevilkåra til både sparebankar og sparebankstiftingar. Saman med fleire spennande gjester skal Morten Søberg og Lars Fredrik Øksendal sjå nærare på kva sparebankar er, og korleis sparebanksektoren truleg kjem til å utvikle seg vidare. Morten er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen, og har mastergrad i blokkjedeteknologi og digitale aktiva frå Frankfurt School of Finance. Lars Fredrik er professor i økonomisk historie ved Universitetet i Innlandet, og har doktorgrad frå Noregs Handelshøgskule. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
On the charts
Every published chart this podcast appears in, in the snapshot behind this page. Each one links to the chart it came off.
From the feed
The latest episodes published to this podcast’s own RSS feed. Titles and descriptions are the publisher’s.
Ordet sparebank gjev assosiasjonar til både 1800-talet, omfattande strukturendringar – og teknologiske brukargrensesnitt. Morten og Lars Fredrik rundar av med spekulering om Alexander Hamilton, bitcoin, bankarkitektur og Ludwig Mies van der Rohe. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Med Marie Sneve Martinussen, partileiar i Raudt. Alle bankar må gå med overskot. Men bankar er også eit fellesgode på line med elektrisitets- og vassforsyning – samfunnskritisk infrastruktur. Kva er samfunnsrolla til sparebankar i dag, ved sida av konvensjonell profittmaksimering? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Med Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre. Sparebankane vart oppretta for å driva med bankverksemd. Men så byrja dei smått om senn å gje gåver – eller samfunnsutbytte. Kor viktig er dette gåveinstituttet – både politisk og ideologisk? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Noregs Bank har einerett på å slå mynt og utferda pengesetlar. Men kontantar i dag liknar på dueungar: Vi veit at dei finst, men vi ser dei aldri. For moderne pengar er fyrst og fremst kontopengar – som også blir produsert av sparebankane. Korleis fungerer sparebankane som digitale setelpresser ? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Med Hallvard Klakegg, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Sparebankane vert færre og færre –og større og større. Samstundes veks sparebankstiftingane opp og fram. Kvifor det? Og kva gjer dei eigentleg? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ei utforsking av særtrekk ved sparebankar i tid og rom. Kvifor byrja Morten og Lars Fredrik på kvart sitt vis å interessera seg for slike bankar? Kva særmerkjer sparebankanes sjel – og korleis artar sjelevandring i Sparebank-Noreg seg? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ranking source
Apple Podcasts rankings via the Mato Topic Intelligence Platform.
Observed November 4, 2026.
Apple and Apple Podcasts are trademarks of Apple Inc., registered in the U.S. and other countries.
Pairs with
Bring this source into Mato to read its transferable patterns, then turn them into an original show for your own audience.