Podcast charts
Published by Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
On the charts
Every published chart this podcast appears in, in the snapshot behind this page. Each one links to the chart it came off.
From the feed
The latest episodes published to this podcast’s own RSS feed. Titles and descriptions are the publisher’s.
Vi serverer dykk vekas episode av Edder & Galle, ein skikkeleg kvalikspesial som skal hjelpe dykk med å korte ned ventetida fram mot søndagens viktige kamp mot Odd, i den første kvalikkampen til OBOS-ligaen! Denne gongen har vi til og med fått med oss noko så sjeldan som gjester i studio, nemleg Adrian Hermansen og Ørjan Heiberg. Det blir sjølvsagt også spørsmål frå dykk lyttarar. Her er det berre å skru på, så snakkast vi i Skien!
Bryne er klare for kvalifisering om opprykk til Eliteserien etter ein solid 3–1-siger mot Kongsvinger på Bryne Stadion. Dermed var det aldri nokon stor fare for at det skulle gå gale. I ein annan kamp, der Bryne kunne ha trengt litt hjelp, enda det òg godt. Hobberst fekk faktisk med seg meir av den kampen enn Bryne-kampen dei siste ti minutta frå tribuneplass. Dei som var på stadion, skjønar nok kvifor! Uansett ventar ein ny tur til Skien igjen, både for Bryne og podkastduoen. I tippekonkurransen gjekk det endeleg vegen, og summen som skal sendast vidare til Barnekreftforeningen er no klar. Det kjem òg andre gode nyheiter frå tippe-spalta! I dei anonyme spørsmåla ser vi tilbake på sesongen som har vore. Kva var den beste kampen? Kva var det vakraste målet? Og kva redning sit framleis friskt i minnet? Her er det berre å tune inn! Og du? Det blir sjølvsagt ny episode neste veke òg. Då ventar ein skikkeleg kvalik-episode!
Då er det igjen duka for ein ny episode av Edder & Galle! Bryne tok med seg alle tre poenga heim frå Høddvoll etter eit skikkeleg målshow frå Luka Fajfric. To ekte hattrick på ein og same sesong er ikkje kvardagskost for ein Bryne-angripar! Men kvar endar spissen på børsen? Heilt på topp, eller? Det har snudd i tippinga, men det er førebels ingen grunn til å juble. Vi håpar å treffe blink begge to i siste runde og dermed auke summen som går til Barnekreftforeningen etter sesongslutt. I spørjespalta er det ikkje all verda å hente denne gongen, men eit par godbitar har vi klart å grave fram. I siste serierunde får vi servert alt vi elskar og hatar med fotball. Vi har alt i eigne hender, men dersom vi ikkje skulle klare å gjere jobben sjølve, må vi rette blikket mot ein annan kamp på Austlandet og håpe på litt hjelp. Det er nettopp dette som gjer fotballen så spennande når siste serierunde står for tur! Vi håpar å sjå deg på stadion. Dette kan bli verkeleg spennande, og forhåpentlegvis skal vi ein tur til Skien før sesongen er over for i år!
Bryne leia med to mål to gonger i seriekampen mot Egersund på Bryne stadion. Begge gongene fekk måla heile stadion til å reise seg med ståpels, men utover i andre omgang forsvann både ståpelsen og optimismen. Tre minutt på overtid fekk EIK ballen i mål igjen og reiste heim med eitt poeng. Nokre dagar seinare møtte me den same gjengen igjen, denne gongen i cupen på Husabø. Og det gjekk skeis igjen. Eit 1–0-tap, kombinert med håplause defensive involveringar, gjorde ikkje akkurat underverk for humøret. Bryne står dermed midt i ei sur rekkje kampar, der optimismen er vanskeleg å få auge på. Men sesongen er ikkje over enno! To serierundar står att, og Bryne har framleis ei hand på rattet i kampen om kvalifiseringsplassen. Likevel er det mange som er misnøgde med årets sesong. Podkastduoen stiller derfor spørsmålet: Kva var det eigentleg folk forventa? Me meiner at Bryne, når alt kjem til alt, bør kunne vere nøgde med plasseringa på tabellen. Samstundes skjønar me godt at det finst sportslege frustrasjonar. Men handlar det eigentleg om at laget treng meir tid, eller er det trenarteamet som må få tid til å setje sitt preg på laget? Kanskje det er der diskusjonen ligg. Uansett, de er serverte ei ny veke med Edder & Galle!
Det går ikkje akkurat på skinner for Bryne om dagen, og det set nok sitt preg på stemninga i vekas episode av Edder & Galle. To tap og eitt uavgjort kjennest mest som tre strake tap, og det er heller ikkje mykje i det spelmessige som får oss til å rope hurra for tida. Vi har framleis handa på rattet når det gjeld den siste kvalifiseringsplassen, men skal me behalde den, må Ørjan Heiberg ta grep. Kanskje er det på tide å gjere byta litt tidlegare og vise vilje til å endre kampbiletet før klokka har passert 90 minutt? Det kan fort bli tidenes dårlegaste børs denne veka, så får de sjølve avgjere om me treff blink eller skyt langt over mål. Me prøver oss sjølvsagt på tipping igjen, men heller ikkje der går det vegen. I tillegg blir det anonyme spørsmål, diskusjonar om me eigentleg er nøgde med sesongen sett under eitt, og usemje om kor mykje betre Bryne kunne ha vore, og ikkje minst kva det kunne ha hatt å seie for tabellplasseringa.
I vekas episode av Edder & Galle er vertane tilbake frå Skien og går rett i studio. På Skagerak Arena fekk Bryne eit lite håp om poeng, både eitt og tre, men fem minutt før slutt fann heimelaget vegen til nettmaskene. Dermed blei det null poeng med heim, og håpet om femteplassen fekk seg nok ein trøkk. Heldigvis ligg Bryne godt an til å få ein ny tur til Skien gjennom kvaliken. Onsdag ventar Raufoss, ein kamp Bryne skal vinne, med all respekt for motstandaren. Her er det berre å hente heim alle poenga før turen går vidare til Trondheim og oppgjeret mot Ranheim søndag. I vekas episode tek me ein gjennomgang av begge kampane og ser på kva som ventar Bryne i ei viktig veke.
Bryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi framleis held på den siste kvalikplassen og endå betre: Vi har fått ei lita luke ned til Hødd på plassen utanfor kvalik. Samtidig sit heile OBOS-ligaen og ventar på avgjerda i Raufoss-saka. Blir det konkurs, eller overlever klubben? Det kan forandra mykje på tabellen. Vi skal sjølvsagt også innom tippinga, der Per Tore held fram med å dra frå resten av feltet. I dei anonyme spørsmåla diskuterer vi kvar vi eigentleg meiner Bryne står kvalitetsmessig akkurat no. Til slutt ser vi fram mot den komande kampen mot Odd på Skagerak, ein stadion Bryne ikkje akkurat har mange gode minne frå.
I dagens episode av Edder & Galle er stemninga mildt sagt god. Det skulle berre mangle! Bryne har nemleg sikra seg plass i neste runde av cupen etter ein solid 4–1 siger mot Bjarg. Og som om ikkje det var nok, så blei det full utteljing i Bergen og. Mot Åsane vart det 4–0, og vår nye superspiss hadde allereie ordna seg hattrick etter berre 40 minutt! Det blir sjølvsagt ein solid børs på gutane. I tippespalta går det derimot som det har gjort tidlegare, nemleg ikkje heilt etter planen. Ei dobbel U gav dessverre ingen gevinst. Nokon tek lærdom av dette i podkasten. Andre gjer det ikkje. Så får me sjå kven som har rett til slutt. Denne veka har me ikkje fått inn spørsmål frå lyttarane, men det betyr ikkje at det manglar tema. Gutane har nemleg fleire ting dei skal snakke seg gjennom. Blant anna skal det jaktast på kvalik. Skal dette ende godt, må kalkulatoren fram, og ein må kanskje rekne med litt «goodwill» undervegs. Det blir og tid til å ta ein nærmare kikk på juvelane på Bryne-midtbana, og kva dei har levert så langt. Avslutningsvis ser me litt framover mot det som ventar. Hovudstadslaget Lyn kjem på besøk til Jæren, og sjølv om kampen framleis ligg litt der framme, er det aldri feil å begynne å lade opp.
Sist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og trua tilbake hos nokre av oss. Er vi verkeleg så enkle? Det får de avgjere. For Bryne leverer ein solid kamp mot Stabæk, nesten utruleg etter det vi såg borte mot Strømmen. Samstundes går fleire av dei andre resultata vår veg, og dermed er Bryne for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassen til opprykk. Anonyme spørsmål er tilbake, og sjølvsagt dukkar katten til Hobberst opp igjen. Det måtte nesten skje. No ventar Bjarg i cupen før Bryne set kursen mot Bergen og Åsane Arena for seriekamp mot Åsane. Det blir ingen enkel kamp mot eit lag som kan skapa trøbbel, men Per Tore har trua på at Bryne kan ta med seg tre poeng heim. God stemning? Me får sjå kor lenge det varer.
I kveldens episode av Edder & Galle skal vi innom tre hovudpunkt. Først: Vi tek ein kjapp gjennomgang av kampen mot Strømmen. Det var ikkje all verda å hente frå den kampen, så for podkasten sin del er det eigentleg heilt greitt at vi spelar inn episoden tre dagar etter kampslutt og ikkje rett etter. Deretter: Vi køyrer ein ny versjon av «anonyme spørsmål». Denne gongen har vi samla inn det folk har lurt på den siste tida, og kokt det ned til seks sentrale tema som vi diskuterer. Til slutt: Vi skal sjå litt på situasjonen til Stabæk og Bryne. Stabæk er med der oppe, medan Bryne framleis har heng på kvalik. Samtidig har Bryne gitt supportarane sine litt skumle utsikter for hausten, så der er det nok av ting å diskutere.
Bryne er vidare i cupen etter 3–0 mot Rosseland i første runde. Den to–tre minutt lange turen mellom stadionane viser heldigvis den forskjellen som bør vere mellom laga, og Bryne er dermed vidare til neste runde. Men det har vore seld spelarar, viktige spelarar. Det fekk vi kanskje eit tydeleg svar på mot FK Haugesund. For kva har salet av desse spelarane eigentleg hatt å seie for Bryne? Tapet heime mot haugalendingane er vondt nok i seg sjølv, men endå vondare er det at Bryne faktisk ikkje skapte ein einaste skikkeleg farleg situasjon gjennom heile kampen. Som alltid er det sjølvsagt duka for spørsmål frå dykk lyttarar. Vi skal blant anna innom dei nye spelarane som har kome inn i klubben, og ikkje minst: Korleis ser vegen vidare ut? Er det framleis håp om å få Per Tore si tru på kvalifisering til å slå til, eller er det Hobberst som får rett når han spår at Bryne ikkje vil klare det i år?
I denne episoden av Edder & Galle kan studio endeleg puste letta ut. Bryne har vunne på Øster Hus Arena, og det som lenge har vore omtalt som spøkelset, er endeleg dødt og begravd. Det er sjølvsagt stor glede i studio og blant alle andre som har eit hjarte som bankar for Bryne. Det er positive takter å spore på den sportslege fronten, og det er gledeleg å sjå at Bryne er på rett veg. Også i spørsmålsspalta går det godt. Det kjem inn mange gode spørsmål, og som alltid blir dei svara på, både frivillig og motvillig. Fleire ser no oppover på tabellen i lag med Per Tore, medan Hobberst framleis held fast ved si eiga tru og sine eigne tankar. No ventar ein cuprunde mot Rosseland, og den meiner podkasten bør gå greitt. Den store spenninga kjem derimot når FKH kjem på besøk til Bryne Stadion i helga. Då får vi sjå om Bryne kan byggje vidare på den positive utviklinga. Det er med andre ord mykje å glede seg til i denne episoden av Edder & Galle, med siger i ryggen, gode spørsmål på blokka og ein spennande kamp i vente.
I vekas episode av Edder & Galle er det god stemning. Spissdebut med scoring gav verkeleg optimismen eit løft, og plutseleg ligg vi nærare kvalik enn nokon gong før. Men sigeren mot Moss gav ikkje berre glede. Ein spiss gjekk ned for teljing, og det såg ikkje bra ut. Det er likevel optimisme før kampen på Øster Hus Arena. Bryne har aldri vunne der i seriesamanheng, men skal det skje, så er vi einige om at det må skje no. Forventningane er klare når vi møter eit Sandnes Ulf som ligg nede for teljing. Så får vi sjå om Bryne endeleg kan bryte den forbanninga på Øster Hus Arena.
I dagens episode av Edder & Galle går me gjennom kampen mot Sogndal. Det vart tre poeng i Saftbygda, og me kan så smått byrje å sjå oppover på tabellen, sjølv om me er einige om at Bryne kanskje er stabilt ustabile. Det har kome inn mange gode spørsmål frå lyttarane. Korleis er engasjementet rundt klubben? Korleis står det eigentleg til med motivasjonen og interessa blant supportarane der ute? Me svarar på alt, eller i alle fall prøver. Avslutningsvis ser me litt fram mot Moss, som ventar på laurdag. Hobberst må berre først få kontroll på kven som eigentleg tok over som trenar no nyleg.
I dagens episode er noko av det tekniske utstyret vårt minst like energilaust som Bryne-laget såg ut heime mot Strømsgodset. Episode blir det likevel, og vi går grundig gjennom 0–2-tapet mot drammensarane. Denne veka har det også hengt eit banner på stadion. Er det innanfor? Svaret vårt får du i episoden. Bryne har dessutan tent litt pengar på tidlegare spelarar som har funne seg nye klubbar. Betyr det at vi kan vente nye signeringar inn dørene, eller går Bryne inn i den siste delen av sesongen med den troppen dei har i dag?
For ein kveld og for ein siger! Bryne reiste til Haugesund med ei tøff oppgåve framfor seg, men tok med seg alle tre poenga heim etter ein sterk 2–1-siger mot serieleiaren. Kampen som podkastduoen frykta på førehand, enda med jubel, lettelse og tre særs viktige poeng. No rettar me blikket mot neste utfordring. Strømsgodset kjem til Bryne, og igjen ventar eit lag som ligg over oss på tabellen. Kan Bryne byggja vidare på storspelet frå Haugesund og halda den gode forma ved lag? Det har òg kome inn fleire spørsmål frå lyttarane om kampen og det som rører seg i overgangsvindauget, og me tek dei opp i denne episoden. Tune inn for mykje god fotballprat!
Bryne og Sandnes Ulf deler poenga i lokaloppgjeret på Bryne stadion. Podkastduoen legg ikkje skjul på at dei er skuffa over resultatet, og dei saknar større grep frå trenarteamet i eit forsøk på å endre kampbiletet undervegs. I spørsmålsspalta går det att at mange meiner Bryne må vere modigare frå sidelinja. Fleire etterlyser større og meir treffsikre grep under kampane, og meiner laget ofte er for seint ute med å påverke utviklinga. Det blir òg diskutert om engasjementet rundt Bryne er på veg ned. Det skuffande tilskodartalet på berre 1.800 i lokaloppgjeret blir trekt fram som ein mogleg indikator, og reiser spørsmål om interessa rundt klubben er dalande.
Etter tre strake sigrar var håpet at Bryne skulle halda fram klatringa, men på Nye Nadderud sa det stopp. 2–0-tapet mot Stabæk blir grundig analysert, og vi er samde om at det først og fremst var den svake førsteomgangen som felte Bryne. Laget var ikkje påskrudd, og Stabæk fekk sjå ut som eit lag som høyrer heime i Eliteserien , kanskje endå høgare. Det finst likevel nokre lyspunkt. Bryne løfta seg etter pause, og den betre andreomgangen kan få utslag når spelarane skal vurderast på børsen. I Tippetipset skjer det noko uvanleg: Hobberst bommar på tipset sitt, medan Per Tore endeleg treff. Diverre held ikkje det til gevinst, og no handlar det om å finna tilbake til vinnarsporet, nok ein gong. Til slutt rettar vi blikket mot helgas lokaloppgjer, når Sandnes Ulf kjem på besøk. Kva kan ein venta av rivaloppgjeret, og korleis skal Bryne slå tilbake etter tapet?
I kveldens episode av Edder & Galle oppsummerer me kampen mot Åsane. Det blir kanskje ikkje den lengste kampgjennomgangen i historia, men det viktigaste er på plass: Bryne sikra seg tre poeng, og det er det ingen som klagar på. Tippetipsa blir òg gjennomgått, og som vanleg gjekk det betre for nokre enn for andre. Panelet tek dessutan ein prat om kontraktssituasjonane i Bryne. Kven bør få ny avtale, kven står i fare for å forsvinne, og kva tenkjer eigentleg panelet om situasjonen? I ein litt meir uformell del av episoden kjem det spørsmål om fotball-VM som går føre seg no. Kven trur panelet står att som verdsmeister når alt er avgjort? Episoden blir avslutta med ein gjennomgang av den komande bortekampen mot Stabæk. Dette er ein kamp me sjølve skal på, og kva som skjer undervegs på turen kan du faktisk få ein avgjerande påverknad på. Men korleis? Det får du berre svaret på ved å høyre episoden.
I dagens episode av Edder & Galle er det mykje å jubla for etter Bryne sin sterke 3–0-siger borte mot Lyn på Bislett. Fleire spelarar skal opp på børsen, og gutane går gjennom prestasjonane som la grunnlaget for tre viktige poeng i hovudstaden. I Tippetipset går det denne gongen diverre ikkje heilt etter planen. Likevel er statistikken framleis solid, og nye tips blir sette med eit klart mål om å finna vegen tilbake til sigerssporet så raskt som mogleg. I spørjespalta blir gutane utfordra til å setja saman laget til ein tenkt 100-årsjubileumskamp. Kven fortener plass? Kven blir urettvist utelaten? Og er det nokon som slepp gjennom nålauget utan å ha gjort seg fortent til det? Her blir det garantert rom for usemje. I tillegg får panelet ei språkleg utfordring som dei, kanskje ikkje heilt overraskande, ikkje klarer å løysa under innspelinga. Det kjem òg spørsmål om den berykta vinden på Bryne stadion og kva rolle han eigentleg spelar. Til slutt rettar gutane blikket framover mot helga og den komande kampen mot Åsane. Kva ventar Bryne, og kva må til for å følgja opp den imponerande sigeren på Bislett?
Ranking source
Apple Podcasts rankings via the Mato Topic Intelligence Platform.
Observed November 24, 2026.
Apple and Apple Podcasts are trademarks of Apple Inc., registered in the U.S. and other countries.
Pairs with
Bring this source into Mato to read its transferable patterns, then turn them into an original show for your own audience.