Podcast charts
Published by Eldar Heide
Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining
On the charts
Every published chart this podcast appears in, in the snapshot behind this page. Each one links to the chart it came off.
From the feed
The latest episodes published to this podcast’s own RSS feed. Titles and descriptions are the publisher’s.
Dersom russarane angrip Kirkenes i dag, så kan regjeringa i Oslo følgje med på direkte video. Korleis vart kongen ogforsvaret varsla når danskane angreip på 900-talet? Jo, bøndene sør i landsenden tende bål, og så gjekk det bålvarsel heile kysten oppover. Røykskyene kunne kodast som eit morsealfabet. Eller…. kanskje ikkje. Men kva skjedde når regnskyene låg lågt over landet i vekesvis? Var det ei reserveløysing? Ja. Men korleis dette fungerte, er eit puslespel vi må leggja med brikker av mange slag.
Kan religion eksistere utan forteljing? Eller er religion bunden til forteljing? Korleis blir religion spreidd til nye sjeler? Kor mykje kan vi seia om ein religion på grunnlag av berre arkeologisk materiale? Kan ord vera handling? Kan ord ha makt? Har alle tilgang til alle sjangrar? Kva er forholdet mellom tekst og praksis? Korleis bør vi resonnere i møtet med religionshistoriske tekstar? Her kjem religionsvetar Catharina Raudvere med nokre tankar om dette basert på folkeleg religion i Norden og folkeleg Islam i Bosnia og Tyrkia. Innspela i København 16.6.2026.
Kva vil gudane oss? Vil dei oss vel? Er vi kasteballar og brikker i hendene deira? Er gudane gode? Eller er dei strenge, vrange, lunefulle, urimelege? Er dei på parti med oss? Bør vi leva som dei? Kva slag moralske krav stiller gudane? – til oss, og til seg sjølve? Kva slag handlingsrom gjev gudane oss? Er alt avgjort av lagnaden? Det var mange spørsmål, og til slutt: Kva svar får vi på dette i tekstane til Homer? – Odysseen og Illiaden? Det skal vi drøfte her i dag.
Eit stev er ein einstrofa song som kommenterer noko. Det kan vera ein situasjon, ein person, noko som har skjedd. Det kan vera ros, visdom eller sjikane eller at du utleverer deg sjølv. I stevet kan du få sagt det som ikkje kan seiast elles. Sjangeren finst i heile landet, men står spesielt sterkt i Setesdal. Der har det ein viktig funksjon i både kvardag og fest i dag. Røtene til stevet finn vi i mellomalderen. Men kvifor har eit ord for refreng vorte namnet på denne sjangeren? Og kva har stev med stolpe å gjera? Innspela på Hylestad 13.08.2026.
Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Om det er det faktisk formulert slåande lite – bortsett frå når det gjeld tekstkritikken, som prøver å koma fram til den eldste versjonen av ein tekst som er overlevert i fleire handskrifter. Her skal ein poesiforskar fortelja om si vandring gjennom ulike metodesyn i faget norrøn filologi frå rundt 2000 til i dag. Eg skal supplere frå min kamp for å utvikle eit metodesyn. Innspela i Oslo 20.4.2026.
Gammal terminologi og stadnamn er lite utnytta kjelder til tankegang i gammal tid. Her skal vi presentere eit utval ord, uttrykk og stadnamn knytte til sjøen på Andøya, på grensa mellom Nordland og Troms – for å gje eit innblikk i den førmoderne fiskarkulturen der i området. Det blir om straum og vind, landformer langs kysten og nede på havbotnen, ispedd hermer og gode historier. Dette er kulturstoff som er i ferd med å gå tapt.
Irsk mytologi fortel om huldreland vest i havet, slag mellom gudar og demonar, gudinnetrioar, hamskifte, manipulasjon av tida, halshogging, kjelar som gjev nytt liv og evig middagsmat, og druidar som er deklasserte frå det Cæsar fortel om. Men alt er smelta saman med bibelhistorie og annan kristen litteratur, til pseudohistorie. Arkeologien hjelper oss, med ofringar i brunnar, elvar og vatn. Innspela i Bergen og Halden 22.6.2026.
I Norden har vi mange hundre steinlabyrintar av gåtefullt opphav. Dei fleste er frå mellomalderen, men dei har samband med labyrintar i Sør-Europa som er fleire tusen år gamle. Dei er vanleg utbreidde heilt til Sri Lanka, via India, Afghanistan og Kaukasus. På Sunnmøre er det to i 900 meters høgd, men elles i Norden ligg dei fleste ved havet. Her, og berre her, har bruk og bygging av labyrintane pågått heilt inn i moderne tid. Mange har meint mykje om kor gamle labyrintane er og kva funksjon og meining dei har hatt. Noko endeleg svar når vi nok aldri, men her får du emnet presentert av ein som har jobba med det sidan midten av 1970-talet.
Det finst mange måtar å kaste bort livet på. Den eine er ballspel, og det hadde dei i Norden i mellomalderen, kalla knattleik . Kva slags spel var det? Kva var reglane? Kva slags bane, ball eller anna utstyr vart brukt? Vart det spela både sommar og vinter? Kva rolle hadde spelet i samfunnet? Kor mykje tid vart kasta bort? Og ikkje minst: Kor mange døydde?
Korleis prøvde ein å førebygge og løyse konfliktar i vikingtida på Island? Det gjaldt eit sett av normer om personleg ære ogfamilieære, alliansar, lojalitet og krav om styrke og handlekraft. Det var ting, lov og rettssaker. Dette kunne fungere, og det kunne føre til tragedie. Med kristendomen kom ein æreskodeks med eit nytt etisk innhald. Her skal vi skissere det gamle systemet og brytinga mellom det gamle og det nye.
In Northern Europe, traditions about Þórr, Ukko, Perkūnas, and other thunder gods lasted into modern times. The thunder god survived the shift to Christianity better than the other old gods. Why is that? What made the thunder god special? And which parts of these traditions survived? In today’s episode, we look at these questions in cultures around the Baltic Sea.
Gullgubbar er bittesmå flak av gull, med stempla bilete av personar og ofte gjenstandar. Dei er frå 5-, 6- og 700-talet, og vi har funne bortimot 4000 av dei, frå store delar av Skandinavia. Gullgubbane er blant dei mest gåtefulle funntypane i nordisk arkeologi. Kva viser motiva? Er det gudar eller menneske, kanskje juridiske avtalar? Kvifor finn vi dei ofte i samanheng med stolpehol? Kvifor er dei aller fleste funne på éin stad på Bornholm? Kva funksjon hadde gullgubbane? Kva var vitsen? I denne episoden blir det fleire spørsmål enn svar. Innspela i Bergen og Lejre 23.4.2026.
Gammalegyptisk religion er blant dei eldste vi kjenner. Vi kan følgje han frå nesten 3000 før Kristus til rundt 500 etter. På den tida skjer det store endringar, og ein periode er det faktisk monoteisme. Sola er den viktigaste guden. Dette var før nokon hadde tenkt på coolcation . Men den livgjevande flaumen i Nilen var òg ein viktig guddom, og før verda var det eit urhav, som pyramidane stakk opp av. Sykliske vekslingar stod sentralt, mellom flaum og tørke, dag og natt, liv og død. Målet med døden var å bli ein del av den vekslinga. Innspela i Bergen 23.04.2026
Som menneske er vi avhengige av å formidle til folk rundt oss kva vi driv med, kva vi har tenkt å gjera og korleis vi har tenkt det. Slik er det i moderne psykologi og IT, som har sin spesialiserte terminologi, og slik er det i tradisjonelt gardsarbeid. Det meste av terminologien der er ukjend for dei fleste i dag. Men ser vi nærare på han, så får vi gløtt inn i tankeverda til folk for lenge sidan. Terminologien er tankegang avleira gjennom hundrevis av generasjonar. Her skal vi sjå på dette i samanheng med tradisjonelt jordbruk særleg på Vestlandet. Andre stikkord: Nordhordland, Havråtunet, Osterøy, slåttelandskap, fôrsanking, lauving, never, bork, fisk, moldfôr, tang, lynghei, etymologi, stadnamn.
Kva gjer folk for å få namn på stadene når dei kjem til eit nytt land? Gjev dei nye namn? Har dei med namn heimanfrå? Låner dei namn frå folk som bur der frå før? Kva skjer i så fall med desse innlånte namna? Kan dei endrast mykje? Låner ein kanskje inn stadnamn med omsetjing frå det lokale språket? Kva er ulikt når landet er bygd frå før og når det er folketomt? Var desse prosessane like i vikingtida og i europeisk kolonisering i moderne tid?
Fjellbygdene i Sør-Noreg hadde ein gullalder fram til rundt 1300, der marknader i høgfjellet spela ei stor rolle. Kvifor var det slik, og kvifor tok det slutt? Kva var det slags gull dei hadde der oppe? Kor gjekk vegane opp dit, og mellom aust og vest? Kor høgt kunne folk møtast? Kva skjedde på marknadene, utover handel og slåsting? Og kva fortel folketradisjonane om den tapte gullalderen? Andre stikkord: Karneval, skeid, Hallingskeid, Nordmansslepa, Hæreid, Røldal, Kykjestølen, Filefjell, gravfelt, myrmalm.
Korleis tenkte folk når dei gav namn til ungane sine i gammal tid? Var det annleis enn i dag? Meinte dei bokstavleg at Stein var ein stein, eller Bjørn ein bjørn? Kvifor heitte ingen Tor eller Frøya? Kan namna fortelja noko om kultur og tankegang den gongen Var det mote i namneskikken? Lånte folk namn frå andre språk? Var det tankar om sjelevandring i namnevalet? Var det kjælenamn? Og kvifor var tilnamna ofte så ufine?
Baldermyten er blant dei mest sentrale i norrøn mytologi. Balder er guden som døyr. Han gjer ikkje så mykje anna. Forskarane har tolka myten i mange retningar. Var Balder Kristus? Var han Odin? Var han sommarvegetasjonen som visnar om hausten? Handlar myten om hemn innan familien? Er det eit innviingsritual? Og kva er poenget med mistelteinen, som Balder blir drepen med? Når vi kjem over på spørsmålet om kva Balder representerer, blir det ein samtale om grunnidear i norrøn mytologi og kva religion grunnleggjande sett er.
Frøy var ein av dei viktigaste gudane i norrøn mytologi. Han blir tradisjonelt tolka som ein nokså reindyrka fruktbarheitsgud, ein som sikra god avling og velstand i samfunnet, med sterk interesse for sengehygge. Nyare forsking peikar på at Frøy hadde fleire sider, der herskargjerninga står sentralt, med krig og vern av lov, rett og kosmisk ordning. Javel, men kva har dette å gjera med intim omgang og vekst i planteriket?
Kva er poenget med namnegransking? For å svara på det, må vi seia litt om kva namnegransking går ut på, men særleg må vi skissere korleis den og den namnegranskaren har jobba og tenkt – frå faget oppstod i andre halvdel av 1800-talet. Det blir ein del vitskapsteori, det blir ein del om haldninga til historiske disiplinar i humaniora i dag, og det blir ein del om stadnamn som kjelde til mentalitet i gammal tid. Ikkje minst blir det nokrepersonlege vitnemål.
Ranking source
Apple Podcasts rankings via the Mato Topic Intelligence Platform.
Observed November 4, 2026.
Apple and Apple Podcasts are trademarks of Apple Inc., registered in the U.S. and other countries.
Pairs with
Bring this source into Mato to read its transferable patterns, then turn them into an original show for your own audience.