Published by Kjetil Fyllingen
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Listen on Apple Podcasts39 min
I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisjefulle musikkmiljø i Bern. Tobias fortel om øving, disiplin, nerver, konkurransar, rare konsertopplevingar, støtte frå familie og lokalt næringsliv – og kvifor han vågar å satsa på eit instrument mange knapt veit kva er. Dette er ei episode om talent, hardt arbeid og draumen om å leva av musikken. Men også om å bli ven med eigne svakheiter, gjera feil, reisa seg igjen – og berre "gønne på". Og ja: Du får sjølvsagt høyra korleis eit eufonium faktisk høyrest ut. Sponsor: Finnås Kraftlag Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemene sine, med eit sterkt engasjement for utvikling og trivsel på Bømlo. Det merkar ein ikkje minst gjennom dei mange gåvene og støtteordningane dei deler ut til lag, organisasjonar og gode tiltak i lokalsamfunnet. Eit godt døme er Ungdomsstipendet, som blir tildelt unge under 26 år som har utmerkt seg på nasjonalt eller internasjonalt nivå innan idrett, kultur eller utdanning – og som er gode førebilete for andre på Bømlo. Faktisk er gjesten i dagens episode, Tobias Haldorsen, ein av dei som har fått dette stipendet. I tillegg til å levera straum og breiband gjennom Altibox er Finnås Kraftlag oppteke av å skapa verdiar som kjem heile lokalsamfunnet til gode. Stor takk til Finnås Kraftlag for at dei er med og støttar Sunnhordlandpodden!
48 min
17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i. I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdommar, om kjeft frå sidelinja, raske avgjerder, tøffe fysiske krav og draumen om ein dag å dømma på dei største arenaene. Jonas har allereie dømt nasjonale ungdomskampar, vore dommar under Norway Cup og leia seniorkampar med spelarar som er meir enn dobbelt så gamle som han sjølv. Samtidig står lokalfotballen i Sunnhordland overfor ei stor utfordring: Det er alvorleg mangel på dommarar. Kvifor vel ein 17-åring denne vegen – og kan dette vera noko for deg? Sponsor: Stord Fotball Stord Fotball er flaggskipet i Sunnhordland. Klubben har eit stort fokus på breiddeidretten og det viktige samfunnsarbeidet som ligg der, samstundes som dei er, og skal vera, den leiande klubben sportsleg sett for seniorlaga i regionen. Med både dame- og herrelag i 3. divisjon tilbyr Stord Fotball spelarar frå heile Sunnhordland ein utviklingsarena for dei som ønskjer å leggja meir i idretten og prøva å ta nye steg. Stord Fotball er stolte av å kunna seia at seniorlaga deira har spelarar frå stort sett alle klubbane i regionen. Klubben er også oppteken av å utvikla dommarar og trenarar. Dei er heilt overtydde om at gode miljø må til for å hjelpa og leggja til rette for dei som ønskjer å utvikla seg på desse arenaene. Som sentrumsklubben i regionen driv Stord Fotball også byutvikling gjennom anlegga sine, og dei drøymer om å utvikla Stord Stadion til noko heile regionen — og fleire idrettar — kan dra nytte av. I tillegg til eigne lag driv Stord Fotball ei rekkje spelarutviklingstilbod som er opne for alle klubbane i regionen. Dette gjer dei i samarbeid med Subshore, Sparebanken Norge og fleire andre gode lokale krefter i næringslivet. Gjennom målretta arbeid for å støtta opp om verdiane meistring, glede og samhald , skal Stord Fotball ro denne skuta ut i verda. Og då treng dei alle gode krefter med på laget, for dugnadsarbeidet står heilt sentralt for å lukkast. Stor takk til Stord Fotball for at dei ville sponsa denne episoden!
45 min
I denne episoden møter du Lindi Hystad Strand – dama bak Instagram-kontoen Frisk luft og livet . Ho fortel ope og ærleg om oppvekst med dysleksi, epilepsi og Tourettes syndrom, om dårleg sjølvbilete, tics, diagnosar og vegen fram til å akseptera seg sjølv. Men dette er også ei sterk historie om kjærleik, familie og det å stå som pårørande når mannen Eivind lever med alvorleg kreft. Lindi deler om kvifor ho vel å vera open, korleis natur, fjellturar, vinterbading, musikk og små eventyr gir kraft i kvardagen – og kvifor livet må levast no, ikkje ein gong seinare. Ei varm, sår og inspirerande samtale om å vera menneske midt i det vanskelege – med både latter, tårer og håp. Sponsor: Nest Design Nest Design hjelper deg med å sjå potensialet i heimen din og skape løysingar som kombinerer design, funksjonalitet og trivsel. Med bakgrunn som bygningskonstruktør og over 14 års erfaring frå arkitektbransjen, hjelper dei deg enten du skal byggja nytt, renovera eller ønskjer å få meir ut av bustaden du allereie har. Dei tilbyr rådgiving og prosjektering av nybygg, ombygging og renovering, og kan også hjelpe med interiørdesign, farge- og materialval, møblering, lysplanlegging og utforming av uteområde. Nest Design tilbyr dessutan bustadstyling – for deg som ønskjer ein meir funksjonell, harmonisk og heilskapleg heim, utan nødvendigvis å pussa opp eller kjøpa alt nytt. Dei ser moglegheitene i det du allereie har, optimaliserer romma og finn smarte løysingar som gjer kvardagen enklare og heimen endå trivelegare å bu i. Gjennom tett samarbeid finn de saman fram til løysingar som er tilpassa deg, familien din og måten de lever på – slik at heimen ikkje berre blir vakker å sjå på, men også god å leva i. Nest Design hjelper kundar både i Noreg og på Island. Les meir på nestdesign.no , og følg dei gjerne i sosiale medium.
36 min
I denne episoden blir du kjend med Bård Inge Sørfonn, ein engasjert fitjarbu som er brannmann, småbrukar i Fitjarøyane, lokalpolitikar, friidrettstrenar og leiar på bedehuset. Bård Inge fortel om kvardagen i brannvesenet, sterke inntrykk frå utrykkingar, skogbrannar, lagspel, lyngsviing og kvifor lokalkunnskap kan vere heilt avgjerande når alarmen går. Du får òg gode og konkrete råd om branntryggleik heime, lading, røykvarslarar, grill og sløkkjeutstyr. I tillegg tek han oss med til Fodno, sauer, gamle traktorar, potetopptakar, naturopplevingar og engasjementet for Fitjar. Dette er ein episode om beredskap, bygdekjærleik, humor, dugnad og folk som stiller opp når det verkeleg gjeld. Sponsor: Fitjar Småbåt AS Fitjar Småbåt AS – din serviceverkstad i Sunnhordland for båtar med utanbordsmotor. Hos Fitjar Småbåt får du hjelp med båt, motor, verkstad og båthotell. Dei har eiga serviceverkstad på Fitjar, og servicebil som kan ta oppdrag i heile Sunnhordland. Treng båten service, vinterlagring, opptak eller transport? Då kan Fitjar Småbåt både hente og bringe båten din til og frå verkstad eller vinteropplag. Fitjar Småbåt AS er autorisert Yamaha-forhandlar og autorisert Yamaha Marine motorverkstad. Dei sel og utfører service på Yamaha-motorar, og tek også service på alle merke utanbordsmotorar. Hos Fitjar Småbåt finn du òg sal av båtar frå Pioner, Steady, River og YAM gummibåter. Så skal båten klargjerast, motoren sjekkast, eller du treng ein trygg plass for vinterlagring – ta kontakt med Fitjar Småbåt AS. Les meir på fitjarbaat.no , eller søk dei opp på Facebook.
48 min
Catalina S. Jimenez kom frå Gran Canaria til Husnes som niåring – lokka av forteljingar om troll og eit eksotisk Noreg. Sidan har ho vore flyvertinne, blitt lærar, bygd nettsider, redda kattar og kasta seg inn i dugnadsprosjekt som Støyperiet Pub på Husnes. I denne episoden fortel Catalina om kultursjokk, reiselyst, nettlæring, UX-design og kvifor norsk fredagstaco eigentleg burde få eit nytt namn. Du blir og betre kjent med Støyperiet Pub på Husnes – eit imponerande dugnadsprosjekt med 109 eldsjeler, retromøblar, lokal identitet, planar om å brygge øl og eit sterkt ønskje om å skapa ein varm møteplass for vaksne. Du får og mange gode reisetips, både lokalt og globalt. Sponsor: Ekspedisjonsreiser AS På Husnes finn du Ekspedisjonsreiser AS – eit lokalt reiseselskap med personleg service og solid kunnskap om reisemåla sine. Dei skreddarsyr reiser og tilbyr gruppeturar for deg som ønskjer unike opplevingar – frå fjellturar i Nepal og toppen av Kilimanjaro, til Machu Picchu og safari i Kenya og Tanzania. Ta ein prat med Andreas på Husnes, eller besøk ekspedisjonsreiser.no .
54 min
Mariia Kapanzhy kom frå Odessa i Ukraina til Noreg etter at krigen braut ut. I denne episoden blir me betre kjent med historia hennar – frå eit godt liv i heimlandet, via mørke vintrar utan straum, til eit nytt liv på Stord. Maria fortel om flukta, møtet med Noreg, språket, kulturen og kvardagen som ukrainar i Sunnhordland. Ho deler òg om jobben på Brilleriet, lidenskapen for briller – og den kreative sjokoladebedrifta ho er i ferd med å byggja opp. Og så er det fuglen Pidrik, då. Ein liten babyfugl redda frå ein katt, som no bur heime hos Maria – og har blitt ei lita TikTok-stjerne. Sjekk ut: https://www.instagram.com/choco_la_tease Sponsor: Brilleriet – din lokale optikar på Leirvik og Heiane. Livet er for kort til kjedelege briller, og endå kortare til å gå rundt med plager i augo. Stadig fleire slit med tørre auge, ruskekjensle og sårheit – ofte på grunn av skjermbruk, inneklima og kvardagsstress. Mange ventar altfor lenge med å søkje hjelp. Hos Brilleriet får du ikkje berre råd og dråpar, men moderne behandling som går til rota av problemet, med lysbehandling og spesialutstyr som kan gi varig betring i augehelsa. Hausten 2026 skal det fødast to nye Brilleri. Begge har termin i spetember viss alt går etter planen. Det eine vert i Ølen og det andre er det foreløpig ingen som veit. Stor takk til Brilleriet for at dei er med på laget og støttar Sunnhordlandpodden!
52 min
Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19. Me snakkar om oppveksten på Sortland, gamle båtar, mopedtrimming, grensevakt i sprengkulde, eit langt arbeidsliv – og ikkje minst draumen om å skapa liv på gamle kaier langs kysten. Med skøyta som scene, norske tekstar, kystmusikk og god stemning har Sjøkart 19 blitt eit prosjekt som samlar folk og vekkjer lokal stoltheit. Korleis held ein liv i ein 58 fots båt gjennom meir enn 40 år? Kvifor betyr rekruttering og ungdom så mykje? Og kva skjer når Sjøkart 19 legg til kai under Sildajazz? Sponsor: Helle AS Går du og irriterer deg over ein dryppande kran, eller drøymer du rett og slett om eit heilt nytt bad? Ikkje utset det lenger! Helle AS på Bremnes ryddar opp i både små og store røyrleggjarutfordringar. Hos dei får du rask respons, god fleksibilitet og ein lokal røyrleggjar du kan stola på. Gjer det skikkeleg første gongen. Ring Helle AS på 40 40 36 81 eller besøk helleas.no i dag!
48 min
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune. Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar. Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss? Korleis kan ein handtera overtenking og bekymringar? Og kva er eigentleg skilnaden på vanlege livsutfordringar og psykiske lidingar? Du får også konkrete råd om korleis du kan ta vare på eiga psykisk helse, kvifor fysisk aktivitet og sosiale relasjonar er så viktige, og når det kan vera lurt å be om hjelp. Ein viktig og aktuell samtale om psykisk helse, håp og korleis små grep kan gjera ein stor forskjell. Sponsor: Bømlo Profil Treng du arbeidsklede, profilklede, skilt, reklameartiklar eller hjelp med grafisk design? Då bør du ta turen innom Bømlo Profil i Hollundsdalen.Med eige showroom og ein engasjert gjeng på laget tilbyr dei alt frå logoar og visuell profil til arbeidsklede og profileringsprodukt for små og store bedrifter. Dei kan også byggja eigne nettløysingar for kundane sine, med portal der du enkelt kan bestilla utvalde produkt til di bedrift. I tillegg pakkar og leverer dei arbeidsklede direkte på arbeidsplassen dersom det er ønskjeleg.Bømlo Profil satsar på personleg service, raske leveransar og gode løysingar tilpassa di bedrift. Samstundes er dei opptekne av å sjå heile menneske – og dei veit at god psykisk helse er ein viktig del av ein god arbeidskvardag. Difor heier dei på initiativ som «Rask psykisk helsehjelp», som gjer det lettare å få hjelp når ein treng det.Ta kontakt med Bømlo Profil – dei har kaffien klar og hjelper deg gjerne med å synleggjera di verksemd. Sjekk ut: https://bomloprofil.no https://www.facebook.com/bomloprofil https://www.instagram.com/bomlo_profil/
28 min
Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handlar trening ikkje først og fremst om kroppsideal, sixpack eller perfekte rutinar, men om meistring, mental helse og det å finna styrke i kvardagen. I samtalen fortel Cecilie ope om mobbing i oppveksten, dårleg sjølvkjensle, angst og «styggen på ryggen» – den indre kritikaren som kan gjera kvardagen tung. Ho deler også korleis trening har blitt eit viktig verktøy for å dempa uro, byggja sjølvtillit og få meir ro i kroppen. I dag hjelper Cecilie andre som personleg trenar. Ho ønskjer å møta folk der dei er, senka terskelen for å koma i gang og visa at trening kan vera for heilt vanlege menneske med heilt vanlege liv. Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
47 min
Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå Stord, som brenn for å gjera ein positiv forskjell i nærmiljøet. Me snakkar om vegen inn i politiyrket, kvardagen som politi, sterke møte med menneske i krise – og kvifor relasjonar, tillit og førebygging er så viktig. Torbjørn deler også tankar om ungdomsmiljøet i regionen, utfordringar knytt til sosiale medium, digital påverknad, kriminalitet, svindel og korleis foreldre kan vera tettare på. Samtidig er han tydeleg på éin ting: Dei aller fleste ungdommane er fantastiske, og dei treng vaksne som ser dei, lyttar til dei og vågar å setja gode grenser. Sponsor: Subshore Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap. Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram. Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje. Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg. Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina. Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.
36 min
Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv i sentrum. Aurora fortel om vegen frå marknadsføring og utelivsbransje til bruktbutikk, kvifor ho meiner Det Gule Hus er meir enn ein butikk, og korleis ho ønskjer å skapa ein møteplass der folk kan finna skattar, selja vidare det dei ikkje brukar – og kanskje få litt betre samvit for både lommebok og miljø. Me snakkar om sirkulær økonomi, kvalitet framfor bruk-og-kast, draumen om sykurs, barneavdeling og DJ-bås i butikken – og sjølvsagt om den store nyopninga 6. juni , med goodiebags, cupcakes og høge forventningar. Dette er ein episode om å våga å satse, om å heia på lokale initiativ, og om kvifor sentrum treng butikkar og møteplassar med personlegdom, fargar og folk som brenn for noko. Dagens episode er sponsa av MOVA Stord Treningssenteret ligg sentralt til i enden av Heiane Storsenter, i andre etasje. Her finn du over 1300 kvadratmeter med treningsglede, og du kjem garantert til å finne ei treningsform som passar for deg. MOVA Stord heiar på at du skal trene på den måten du likar best – for det er det som gir størst effekt! På senteret finn du fleire store avdelingar med apparat og frivekter, i tillegg til eit stort utval kondisjonsapparat. Senteret har også ein stor og variert gruppetreningsplan, med alt frå sykkeltimar og styrketrening til Zumba og yoga. I høgsesongen kan du velje mellom 25 og 30 gruppetimar kvar veke. MOVA Stord er eit døgnope senter for medlemmene sine. Du kan velje mellom medlemskap med eller utan binding, og du kan også kjøpe korttidsmedlemskap. Heile sommaren blir det selt korttidsmedlemskap til ein rimeleg pris, og det kjem også kampanjar på medlemskap elles i løpet av sommaren. Du kan alltid ta kontakt med senteret dersom du treng litt ekstra hjelp til å kome deg opp og i gang. Alle som blir medlem, kan booke ein gratis «MOVA start»-time med personleg trenar. Senteret har også stort fokus på samhald og det sosiale. Dei har ei koseleg sofaavdeling der du kan få deg ein gratis kopp kaffi eller te om du ønskjer det. Er du interessert i å vite meir om MOVA Stord? Sjekk ut nettsida deira: https://www.mova.no/treningssenter/stord Du finn dei også på Facebook, Instagram og Snap: movastord24 Du kan kontakte dei på Messenger, Snap eller e-post: stord@mova.no
36 min
Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege. Christian André har over 24 år bak seg i ambulansetenesta, og før det jobba han som sjukepleiar på sjukehus. Han tek oss med inn i ein kvardag der ingen dagar er like: brystsmerter, trafikkulukker, fødslar, sårbare samtalar og møte med menneske i livets mest krevjande augeblikk. Vi snakkar om kva som gjer jobben meiningsfull, korleis ein handterer sterke inntrykk, kvifor den gode kaffikoppen med ein kollega kan vera den beste debriefen – og ikkje minst: kvifor vanlege folk ikkje må vera redde for å gripa inn. Christian André deler konkrete råd om HLR, hjartestartar, hjerneslag, ulukker, nedkjøling og kva du bør gjera når sekund faktisk tel. I tillegg blir det litt lokalpolitikk, helse og samferdsel. Sponsor: Jarle Steinsland AS Jarle Steinsland AS – rørleggar og flisleggjar med hovudvekt på rehabilitering av bad og våtrom. Jarle har over 20 års erfaring i faget, og han er den rørleggaren eg sjølv ringer til når noko må fiksast heime hos oss. Treng du hjelp til bad, våtrom eller rørleggartenester, så er det absolutt verdt å ta kontakt med Jarle Steinsland AS - https://www.jarlesteinsland.no
54 min
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt. Sigrun deler ope om flink-pike-strev, perfeksjonisme, indre kritikar, tru, mot og vegen vidare når livet buttar imot. Me snakkar òg om kvifor det er så viktig å søkja hjelp tidleg, forstå eigne styrkar, byggja gode relasjonar – og heia kvarandre fram. Ein varm og ærleg samtale om å våga å vera menneske. Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
1 hr 11 min
Magdalena Buchwald Vikanes & Elva Björk Margeirsdóttir brenn for leik, fellesskap og kvalitetsleiker. No har dei opna Leikekista i Borggata på Stord – ein møteplass for småbarnsfamiliar, med leikekafé, utleige av leiker og rom for gode samtalar. I denne episoden fortel dei om vegen frå idé til ferdig lokale, om gründerliv, oppussing på seine kveldar, familieliv, framsnakking og motet til å prøva noko nytt. Vi snakkar òg om kvifor barn treng leik som opnar fantasien, korleis foreldre kan finna fellesskap i ein travel kvardag – og kvifor Stord kan vera ein god plass å gjera draumar til verkelegheit. Sponsor: Fargerike Malerboden Fargerike Malerboden – din lokale ekspert på farge, gulv og interiør I over 40 år har familiebedrifta Fargerike Malerboden på Heiane levert kvalitet, fagkunnskap og god service til folk i Sunnhordland. Her finn du alt frå maling, tapet og solskjerming, til gulv, fliser og verktøy – pluss tenester som fargeveiledning og håndverkshjelp for å nevne noe. Med Miljøfyrtårn-sertifisering tar dei også ansvar for klima og miljø. Stikk innom Fargerike Malerboden – vegg i vegg med Rema 1000 på Heiane – og få hjelp til å skape ditt drømmehjem.
47 min
Kristin Straume Normann, best kjend som Berre Kristin, deler små setningar med stort innhald – om håp, sorg, angst, glede, tru, skriving og det å finna si eiga stemme. I denne episoden fortel ho om oppveksten på bygda, om å bli mor tidleg, om mørke periodar der skrivinga vart ei livline, og om korleis små handskrivne dikt på Instagram etter kvart vart til bøker, nettbutikk og eit fellesskap med over 30 000 følgjarar. Me snakkar om å skriva sant, enkelt og nært – utan å pakka livet for mykje inn. Om kvifor «Det kan faktisk gå bra» kan bety enormt mykje. Og om draumen om å leva av orda, diktstover og kanskje ei rosa bok om kjærleik. Sponsor: B3 Helse - https://www.b3helse.no B3 Helse på Heiane er et lite helsesenter som har er bredt tilbud. Dei tilbyr hjelp til deg som har smerter, trenger å komme i gang med trening eller ønsker å forbedre treningen. Dei bidrar med hjelp til målsetnings- eller motivasjonsarbeid eller kyndig hjelp om du har kvinnehelserelaterte plager. Bestill time online via B3helse.no eller via din forsikringsapp. Bli betre med B3!
1 hr 7 min
Kva er eigentleg mogleg å få til når folk dreg i lag, held ut over tid og nektar å gi opp ein draum? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Kjell Storelid og Henning Nordfonn til ein inspirerande prat om den nye ishallen på Stord, om skøyteglede, dugnadsånd og kva som kan skje når eldsjeler, næringsliv, kommune og frivillige spelar kvarandre gode. Her får du høyra historia om korleis eit lite skøytemiljø med stor entusiasme har vore med på å skapa noko heilt unikt for regionen. Dette er ei forteljing om samarbeid, framsnakking, pågangsmot og tru på at store ting faktisk kan veksa fram når mange bidreg. Samtidig er dette ein varm hyllest til skøytesporten, til alle som har stått på gjennom åra, og til dei nye moglegheitene som no ligg opne for barn, unge og vaksne på Stord. Sponsor: Aker Solutions - https://www.akersolutions.com
39 min
Han likar seg helst litt i bakgrunnen, men no er Jan Ottar Wiik aktuell med den ferske podkasten Eiendom og juss . I denne episoden av Sunnhordlandpodden blir vi betre kjende med jordskiftedommaren frå Fitjar, som fortel om kvifor han valde å gå litt utanfor komfortsona og prøva seg som podkastvert.Samtalen handlar om mykje meir enn paragrafar og eigedomsgrenser. Jan Ottar deler korleis interessa for eigedom og juss voks fram, kva ein jordskiftedommar eigentleg jobbar med, og kvifor mekling og gode samtalar ofte er nøkkelen når konfliktar oppstår. Her får du òg høyra om kvifor podkasten Eiendom og juss er laga for folk flest – ikkje berre for dei som jobbar med juss – og korleis meir kunnskap kan hjelpa både naboar, familiar og grunneigarar til å unngå unødige konfliktar.Samtidig får vi eit innblikk i livet utanfor kontoret: Jan Ottar fortel om familieliv på Fitjar, friluftsliv, fridykking, jakt og gleda over å få folk med seg ut på tur. Dette er blitt ein varm, interessant og jordnær prat om å vera nysgjerrig, engasjert og villig til å prøva noko nytt – og om korleis eigedom og juss eigentleg rører ved kvardagen til oss alle. Samarbeid: Episoden er laga i samarbeid med podkasten Eiendom og juss.
54 min
Frå eit verdsomspennande konsern med 18 000 tilsette til eit nystarta selskap med berre to på lønningslista. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Ove H. Wilhelmsen, administrerande direktør i Breeze Ship Design. Du får høyra historia om korleis Breeze vart til i 2020, om satsinga som har vakse til eit selskap med rundt 60 tilsette, og om livet som leiar i ei bransje i rask utvikling. Samtalen handlar om skipsdesign, gründerreise, leiarskap, teknologi, det grøne skiftet – og om korleis ein byggjer kultur og fellesskap i ein arbeidsplass i vekst. Samtidig blir du betre kjend med mannen bak tittelen: ein engasjert leiar, tidlegare lærar, reiseglad skipsdesign-entusiast og ein person som er opptatt av folk, tillit og gode relasjonar. Ein spennande prat om næringsliv, innovasjon og Sunnhordland si rolle i ei global maritim verd. Sponsor: Alde Akva Alde Akva er et rådgivermiljø med 15 ansatte som bygger et sterkt kompetansehus innen akvakultur. Alde Akva er faglig tydelig og menneskelig raus i måten de jobber på.Dei har hovedkontor på Stord og kontorer i Haugesund, Trondheim og Tromsø. Med spisskompetanse innen planlegging og gjennomføring av prosjekter innen landbaserte oppdrettsanlegg og lukkede systemer i sjø, tilbyr Alde Akva prosjekteringstjenester som sikrer optimale og kostnadseffektive prosesser – fra forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg. Sjå nettsida aldeakva.no for meir informasjon. Stor takk til Alde Akva for at dei ville sponse denne episoden.
53 min
I denne episoden møter du Veronica Ivanov og Arna Vik Misje frå Internasjonal Kulturklubb (IKK) på Stord – ein organisasjon som heilt sidan 1989 har arbeidd for å skapa møteplassar der folk kan bli kjende, kjenna seg velkomne og høyra til. Du får høyra historia om korleis IKK starta, kvifor arbeidet betyr så mykje, og korleis klubben i dag byggjer bru mellom menneske gjennom språkkafé, internasjonal kafé, dansegruppe, matkurs, karneval og samarbeid med andre organisasjonar . Vi snakkar òg om: korleis det er å koma ny til Noreg kvifor små initiativ kan bety så mykje korleis vennskap og kjennskap gjer integrering lettare og kvifor dette arbeidet er viktigare enn nokon gong i ei uroleg verd Dette er ein varm, klok og inspirerande prat om menneskemøte, inkludering og verdien av å sjå kvarandre. Sponsor: Subshore Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap. Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram. Og nettopp det treff ekstra godt i ein episode som denne. For det er jo nettopp dette Internasjonal Kulturklubb handlar om: å sjå kvarandre å skapa møteplassar å byggja fellesskap på tvers av kulturar Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje. Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg. Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina. Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.
53 min
Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo. Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet? Vi snakkar om samfunnsbygging, samvirke, solidaritet, kulturstøtte, fiberutbygging og framtidas kraftbehov – men òg om musikk, lokal stoltheit og kvifor gode opplevingar i fellesskap betyr så mykje. Ein varm og engasjerande jubileumsepisode om historie, identitet og framtidstru på Bømlo. Jubileumsfeiring i 2026 I samband med 80-årsjubileet ønskjer Finnås Kraftlag å markera året saman med heile lokalsamfunnet. Søndag 7. juni inviterer dei til ein skikkeleg folkefest i bakgarden på kraftlaget – open for alle som ønsker å ta turen. Programmet er ikkje heilt ferdig spikra enno, men Finnås Kraftlag kan allereie no røpa at Heine Totland kjem med band, i tillegg til andre lokale artistar. Det blir òg besøk av både Bjørnis og VilVite-senteret, så alt ligg til rette for ein skikkeleg kjekk dag for heile familien. I tillegg blir det servert gratis pølser, is, kaffi og kaker. Set av datoen allereie no – dette vil du ikkje gå glipp av. Sponsor: Episoden er eit kommersielt samarbeid med Finnås Kraftlag.
Bring this source into Mato to analyze its transferable patterns and turn them into an original show concept for your audience.
Create a show inspired by this