Published by radiosunnmore
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Listen on Apple PodcastsPå Radio Sunnmøre får ein til tider ein trusvitamin servert av Svein Anton Hansen. Han er pastor i Sandnes og i tillegg radiopastor i Norea. Han har lest inn fleire hundre trusvitaminer som vi sender på radioen, og i tillegg er 365 av dei satt inn i ei andaktsbok. Der kan ein lese ei andakt kvar dag gjennom heile året. Høyr intervjuet med Svein Anton Hansen om korleis trusvitaminane vart til.
Frå 1. oktober starter Mirjam Ulstein (36) i Radio Sunnmøre som journalist i 100 %. Ho er utdanna politi, og har sidan 2020 arbeidd som operativ førebyggar og politikontakt i Møre og Romsdal politidistrikt i Ålesund. Ulstein har også vore redaktør i kvinnemagasinet JK, og hatt eit eige frilansselskap der ho har jobba blant anna for ByMagasinet. Også Laget har hatt gleda av å ha henne som trainee. - Eg har eigentleg vore oppriktig interessert i andre mennesker alltid, men eg er eigentleg bedre til å lytte enn å prate. Men det kan nok vere bra sidan det handlar om å lytte og stille dei rette spørsmåla, fortel Mirjam Ulstein om at ho no skal arbeide i radio. I 2021 vart Ulstein døypt i Bedehuskirka Emblem, saman med eldste sonen, og har fått ei tilknytting til forsamlinga der. Ho fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at det har blitt viktig for henne å vere tydeleg med si eiga kristen tru etter at ho vart mamma. - Det er eit ankerfeste, det er eit fundament, og det handlar om identitet og gode rammer. I dag virker det som det er mange rammer som går i oppløysing, og då er det endå viktigare å lyfte fram Guds ord. Og det å vere tydeleg på mi eiga tru kan vere viktig både for meg sjølv og dei som er rundt meg, seier Ulstein. Helge Åkerenes hadde sin siste arbeidsdag i Radio Sunnmøre 30. juni og gjekk tilbake til Åpne Dører i full stilling. Frå 1. oktober startar Mirjam Ulstein i Radio Sunnmøre i 100%.
Arven etter Adam er ein animasjonsserie som er Norea Mediemisjon sitt nyaste misjonsprosjekt. Animasjonsserien er spelt inn i Afrika, og er meint å formidle evangeliet på fleire språk rundt om i verda. Prosjektet har snart kosta nær 30 millionar kroner, og til hausten blir dei siste episodene klare. -Det er stor interesse for dette, og det er no det startar det misjonseventyret dette kan bli, seier Harald Endresen, innsamlingsleiar i Norea. Episodene startar med skapelsen og kvar episode er på 12 minutter. Høyr heile intervjuet med Harald Endresen.
-For oss er det som å kome til grøne enger og kvilens vatn, seier Silje Knardal Johansen om å feriere på Fangekasa bibelcamp i Indre Østfold. I fire veker i løpet av sommaren landar dei på Fangekasa og i tillegg til ferie bidreg dei på bibelcampen. Dei to neste vekene er det barne -og familieveker på campen, og det er fullbooka i både hytter og på campingen. Det er alltid fullt av sunnmøringar på bibelcampen Fangekasa, og det er mange som bidreg med dugnad for å få vekene til å gå rundt. Alt frå musikk, til ungdom og barneopplegg, andakter og konsertar, til kafedrift og meir, er det frivillege som bidreg med. Andre veka dette året var det Silje og Runar Johansen som var vertskap for, og ho fortel at det ofte er fleire ledd i generasjonar som kjem att på campen kvart år etter at ungane har fått ei god oppleving av å vere der. Høyr heile intervjuet med Silje Knardal Johansen.
Sidan 1980-talet har Hilde Giske Lukkedal vore tilsett i Imf Sunnmøre. I år går ho av som pensjonist, og under årsmøtehelga til ImF Sunnmøre vart ho takka av. Giske Lukkedal har vore engasjert i både barne -og ungdomsarbeidet, begravelsesbyrået, radioarbeidet og på leirstaden Brusdalsheimen. Høyr heile intervjuet med Hilde Giske Lukkedal om alt ho har vore med på.
Stine Regina Tusvik (26) er uflytta sunnmøring, frå Tusvika til Kristiansand. Ho starta sin musikkreise i Ungdomskoret Respons, og vegen vidare gjekk til musikkutdanning i Kristiansand. Høyr heile praten med Stine Regina Tusvik.
Til hausten er allereie planane lagt for Aalesund gospelkor. Det er konsertar, gospelchurch og ein gospelkonsert i samarbeid med Voxing. Høyr intervjuet med dirigent Vidar Åsebø.
I 2025 slutta Johan Halsne som krinsleiar i ImF Sunnmøre, og då reiste han til Rogaland og starta som krinsleiar der. I tillegg til å vere krinsleiar er han no tilsett på garden til sin eigen son. Det å flytte er ein heil operasjon, både følelsesmessig og reint fysisk. Halsne fortel at ein no har funne seg godt til rette på ny heimstad og ny arbeidsplass. Men, han legg ikkje skjul på at han saknar både folk og arbeidsstad på Sunnmøre.
Ekteparet Møgster er heime på ferie frå arbeidet dei til vanleg har i Elfenbenkysten. Vi får høyre litt om den politiske situasjonen, sikkerheita, og arbeidet dei held på med. På papiret har dei fullt språkstudie, og i tillegg er dei engasjert i den lokale kyrkja. Høyr heile praten med Kjell Magne Møgster.
Dagleg leiar Anbjørg Bårnes går i sommar inn i pensjonistenes rekker. Ho har arbeidd og vore engasjert i leir og leirstadar i mange år av livet, og med godt humør og god mat har mange fått gleda av det. Bårnes har eit stort hjarte for leirarbeidet, og kjem nok til å framleis bidra på Orreneset ettersom det er sonen, Sondre Bårnes, som tek over som dagleg leiar 1. august. Høyr heile intervjuet med Anbjørg Bårnes.
Sommaren står for tur og mange har allereie planlagt ferien. For Plussreiser er det hausten som har det største reisetrykket, og vi har tatt ein prat med Kurt Andre Henriksen for å høyre litt om kva dei har på programmet.
Halvard Hauge Roaldsnes er utflytta sunnmøring frå Valderøya til Arendal. Han er teolog og pastor i Horisontkirka i Arendal, og tilbyr samtalar med fokus på å sjå den enkelte og gi hjelp til å sortere tankar og livsutfordringar - med utgongspunkt i kristen sjelesorg og innsikt i korleis tankar og mønstre påvirkar livet vårt. I tillegg tilbyr han mentorsamtalar for leiarar. Hauge Roaldsnes vaks opp på Valderøya og deltok aktivt i bedehuset og kyrkja. Der fekk han trua inn som ein naturleg del av kvardagen. Både på leira og søndagsskulen fekk han sådd frø som var gode å ha med seinare i livet. Då han vart 18 år fekk han eit møte med Jesus i sorg og fortvilelse, og då møtte han Guds kjærleik som endra på livet. No er han pastor i Horisontkirka i Arendal.
Søndagens tekst er henta frå Matteus 7, 15-20, og handlar om falske profeter. I samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, snakkar vi om innhaldet i søndagens tekst.
I siste kvardagsprat før sommaren med Marit Stokken Berland snakkar vi om å ha ein sommar saman med Jesus. Vi får høyre om bedehusfestivalen ho og Irene skal på denne veka, og om Lyngdal bibelcamp neste veke. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Lekfolket har kome med ny utgivelse, og det er Lars Egil Obrestad som står bak dette. Lekfolket har no gitt ut tre plater totalt, og ideen bak er å gje gamle evangeliske songar ei fornying. Obrestad har gitt tekstane musikk ved å bruke kunstig intelligens. Det sentrale er innhaldet i songane og bodskapen dei formidlar. Høyr heile intervjuet med Lars Egil Obrestad, som no har utgitt albumet Livet med Jesus. Songane formidlar Jesu kjærleik og nåde gjennom djupt oppbyggelege tekstar utgitt i nye musikalske rammer. Tekstane er hanta frå tekstforfattarane Nils Lavik, Anders Nilsson, Charles Wesley, Niesl Johannes Holm, Anders Hovden og Adolf Langsted.
Støttegruppa til Suel Kasembo har med seg tidlegare ordførar i Herøy, Bjørn Prytz, som engasjerer seg sterkt i saka til Kasembo. I eit intervju med Prytz får vi høyre ei statusoppdatering i saka til Kasembo. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
Denne veka var 8. klasse ved Spjelkavik ungdomsskule på historisk vandring i Spjelkavik sentrum. Då kom dei også innom Radio Sunnmøre, som er ein del av sentrum. Bjørn Ødegård er lærar ved skulen og ansvarleg for rundturen. Han og elevane Emma Vigestad Aune og Sverke Siljan Sunde fekk prøvd seg i studio. Høyr om vandringa og alt dei lærte om nærmiljøet i Spjelkavik sentrum.
Helga 25. juni - 28. juni er det klart for sommerstevnet til Himalpartner på Ålesund folkehøgskule. Åge Birger Hofseth har nyleg kome tilbake frå Nepal for å besøke møbefabrikken i jungelen der. Vi får ein prat på Radio Sunnmøre om arbeidet han har fått besøke no i mai, og om kva som skal skje på årets sommerstevne. Høyr heile intervjuet med Åge Birger Hofseth. I åtte år har han vore frivilleg sekretær for Himalayan Woodsystems DA.
I dag er det kafètreff i Volda misjonsforsamling sine lokaler. Det er ein stad der ein kan kome å kjøpe seg rimeleg kaffi og mat, og ha det litt kjekt i lag. Randi Hamre er med som arrangør og i dag har ho invitert ein hemmeleg gjest. - Det er ikkje eit møte, men vi vil nok peike på Jesus på ein eller annan måte, fortel Randi Hamre. Dei håpar at dette skal vere eit lavterskel tilbod. Mat, quiz og utlodning står på programmet.
-Vi elsker denne historia, og vi trur det er viktig å fortelle andre kva Gud har gjort her. Det er veldig viktig fordi vi er kristne. Og vi elsker, elsker, elsker å gjere det, seier Mickey Bambrick om kvifor dei kjem til Norge kvart år for å guide i Waldehuset gratis. Sidan 2018 har ekteparet Kåre Slaathaug (83) og Mickey Bambrick komt til Noreg for å guide på Waldehuset tre dagar i veka i tre månader. Slaathaug er utvandra nordmann til USA då han var 9 år gamal, og mor til Mickey er norsk. Dei møttes i USA og forlova seg nyårsafta i Noreg i 1990. I år har det vore gift i 35 år. Når Kåre får brunost og sveler på tunga, då kjem det norske språket med ein gong, fortel han til Radio Sunnmøre med eit smil. Høyr heile intervjuet med ekteparet Kåre Slaathaug og Mickey Bambrick.
Bring this source into Mato to analyze its transferable patterns and turn them into an original show concept for your audience.
Create a show inspired by this